§ 9-6. Krav til dokumentasjon for omsetnad med skytevåpen eller våpendelar

Løyvehavar skal laupande føre oppgåve over alle kjøp, sal, utlån eller andre former for utlevering eller erverv av løyve- eller meldepliktige skytevåpen eller våpendelar. Oppgåva skal opplyse om:

  1. dato for mottak eller levering,
  2. namn og adresse på seljar eller kjøpar, og
  3. tal, type eller art, fabrikkmerke, modell, kaliber og nummer på skytevåpen eller våpendelar.

Ved sal eller andre former for utlevering skal løyvehavar legge ved eit eksemplar av personen sitt ervervsløyve, eller salsmelding om det er sal til ein annan forhandlar. Ved kjøp eller anna erverv frå privatperson skal løyvehavar legge ved ei kjøpsmelding. Ved innførsel skal løyvehavar legge ved eit eksemplar av leverandøren sin faktura og fraktsetel. Løyvehavar skal innan ti dagar etter at ein transaksjon som nemnt i første ledd er gjennomført, sende slik oppgåve i elektronisk form til politiet der forhandlaren har sin forretningsstad.

Løyvehavar skal ved utgangen av kvart kvartal sette opp ei ajourført oppgåve over sitt lager av løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar. Oppgåva skal opplyse om tal, type eller art, fabrikkmerke, modell, kaliber og nummer på skytevåpen eller våpendelar, og skal sendast til politiet innan ti dagar etter utløpet av kvart kvartal.

Løyvehavar som får tilkomst til skytevåpen som ikkje er registrert i samsvar med reglane i § 2-8 skal straks varsle politiet.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02