§ 4-7. Rapportering av elevtal for vidaregåande skolar

Vidaregåande skolar skal rapportere tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober og 1. april. Dersom skolen ikkje har undervisning denne dagen, skal skolen oppgi tilskotsberettiga elevtal siste skoledagen før 1. oktober og 1. april.

Rapportering av elevtalet skal gjerast elektronisk med underskrift frå dagleg leiar og stadfestast med særattestasjon frå revisor, jf. § 8-4.

Det er berre vidaregåande skolar som kan ha deltidselevar. Deltidselevar må reknast om og skal rapporterast som fulltidselevar ved å setje timetalet til eleven opp mot årstimetalet på utdanningsprogrammet eller programområdet eleven er teken inn på. Omrekninga skal dokumenterast per elev og leggjast ved når skolen rapporterer det tilskotsberettiga elevtalet.

Dersom ein vidaregåande skole har programområde/kurs som ikkje blir tilbodne på nokre av teljetidspunkta, fastset Utdanningsdirektoratet i det einskilde tilfellet korleis skolen skal rapportere det dokumenterte elevtalet.

Elevar som har fråvær ut over § 4-2 tredje ledd, skal ikkje rapporterast som tilskotsberettiga. Dersom skulen etter teljedato kan dokumentere eleven sitt fråvær, jf. § 4-4, skal dagleg leiar melde frå til Utdanningsdirektoratet for etterbetaling av tilskot.

Elevtalsprognosen for komande skoleår skal rapporterast i april.

Vesentleg avvik mellom innmeld elevtalsprognose og faktisk elevtal skal meldast til Utdanningsdirektoratet så tidleg som mogleg.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2018-09-01-1295
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
52646f09125c019feaaf2185883f309133459c08801dd493d710a3aa836aa8dc
Rendererversjon
8
I kraft
2018-09-01
Siste endring i kraft
2026-05-18