§ 8-2. Krav til noteopplysningar i rekneskapen

I tillegg til dei krava rekneskapslova stiller til rekneskapsføringa, skal skolen i notar til årsrekneskapen gi særskilde opplysningar om:

  1. offentlege finansieringskjelder. Spesifiseringa skal vise kven som har ytt midlane og formålet med ytinga.
  2. skolepengesatsane. Skolar som ikkje tar skolepengar, skal spesifisere dette.
  3. disponering av overskot. Utrekninga skal vise kor mykje skolen har disponert i forhold til totalt inntektsgrunnlag, både i kronebeløp og i prosent av inntektsgrunnlaget.
  4. handel med eigarane til skolen eller deira nærståande. Spesifiseringa skal vise kven skolen handlar med, kva slags vare eller teneste som er kjøpt og totalbeløpa for dei ulike varene og tenestene. Skolar som ikkje har hatt handel med eigarar eller nærståande, skal spesifisere dette.
  5. tilleggsverksemd. Driv skolen tilleggsverksemd etter § 2-2 og § 7-1, skal skolen vise korleis felleskostnadene er fordelte på avdelingane.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2018-09-01-1295
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
52646f09125c019feaaf2185883f309133459c08801dd493d710a3aa836aa8dc
Rendererversjon
8
I kraft
2018-09-01
Siste endring i kraft
2026-05-18