§ 12. Forhold som kan gi grunnlag for avslag

Overlevering til strafforfølging på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre kan avslåast for forhold som

  1. det er sett i gang norsk strafforfølging mot den ettersøkte for
  2. norsk påtalemakt har kjennskap til at det i ein annan stat enn ein EU-medlemsstat eller stat tilknytt Schengen-samarbeidet, ligg føre rettskraftig dom for, og straffa i tilfelle domfelling er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast etter denne staten sine reglar.

Overlevering til straffullbyrding kan avslåast dersom den ettersøkte er busett i Noreg, eller er norsk statsborgar, og norske myndigheiter forpliktar seg til å fullbyrde dommen.

Den ettersøkte skal givast høve til å uttale seg før ein arrestordre vert avslått på grunnlag av eit forhold som er nemnt i første og andre ledd. Før ein arrestordre vert avslått etter andre ledd, skal også kriminalomsorga givast høve til å uttale seg.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2012-01-20-4
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
84ae3006e659b6ed2fca97949b7448da88d981611f403041fdeaba0e59312587
Rendererversjon
8
I kraft
2012-10-16
Siste endring i kraft
2020-01-01