§ 36. Strafforfølging for andre straffbare forhold av overleverte personar
Den som er overlevert til Noreg frå ein medlemsstat i Den europeiske unionen på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre, kan ikkje strafforfølgjast, og straff kan ikkje fullbyrdast mot vedkomande, for andre straffbare forhold gjorde forut for overleveringa enn dei som arrestordren omfatta.
Forbodet i første ledd gjeld likevel ikkje dersom
vedkomande etter overleveringa samtykkjer i strafforfølging eller straffullbyrding for bestemte straffbare forhold gjorde føre overleveringa. Samtykket skal givast i retten og skal protokollerast og vedtakast
vedkomande samtykte i å bli overlevert til Noreg og i den samanhengen også samtykte i å bli strafforfølgd eller få fullbyrda straff mot seg for forhold gjorde forut for overleveringa
den ettersøkte har unnlate å forlate riket, enda han i 45 dagar har hatt høve til dette
den ettersøkte frivillig er vend tilbake til riket etter først å ha forlate det
forholdet gjort forut for overleveringa berre kan straffast med bot, eller
staten som overleverte den ettersøkte til Noreg, samtykkjer.
Den som er overlevert til Noreg frå ein nordisk stat på grunnlag av ein nordisk arrestordre, kan strafforfølgjast, og straff kan fullbyrdast mot vedkomande for straffbare forhold gjorde forut for overleveringa om ikkje
det i den staten som overleverte vedkomande ligg føre forhold som nemnde i § 8 første ledd bokstav a til h eller det ligg føre forhold som nemnde i § 8 første ledd bokstav i eller j, eller
forholdet er gjort heilt eller delvis på territoriet til den staten som overleverte vedkomande, eller ein stad som vert likestilt med dette, og forholdet ikkje er straffbart etter lovgivinga i denne staten, om ikkje denne staten samtykkjer i strafforfølging.
Sjølv om vilkåra i tredje ledd bokstav b ikkje er oppfylte, kan vedkomande strafforfølgjast for forhold gjorde forut for overleveringa i tilfelle som nemnde i andre ledd bokstav c og d eller dersom vedkomande før eller etter overleveringa har samtykt til strafforfølging for andre forhold.
Ei oppmoding om samtykke som nemnd i andre ledd bokstav f og tredje ledd bokstav b skal sendast kompetent myndigheit i den staten som overleverte vedkomande i samsvar med §§ 32 eller 33.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.