lovspor

§ 10-3. Gjennomføring av mekling

Til mekling skal foreldra møte personleg og til same tid. Den som meklar, kan likevel avgjere at dei skal møte kvar for seg dersom det er tenleg.

Etter ein time mekling etter § 10-2 skal det skrivast ut attest. Attesten er gyldig i seks månader.

Meklaren skal skrive referat frå foreldretvistmeklinga. Det same gjeld ved samtale med barnet i samband med ei foreldretvistmekling.

Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av mekling, irekna kven som kan mekle, og om godkjenning av desse, referat og meklingsattest, og om unntak frå mekling i særlege høve.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-10-13T11:40:11.848780+00:00
Kilderevisjon
2c3f50b0a8c2
Innholdshash (XML)
f084e597080179b6714c5139795268481ef26098c6ed5c8d8b940623c7796e79
Rendererversjon
8