lovspor

§ 12-12. Bruk av sakkunnig

Retten kan nemne opp ein sakkunnig til å vere med i førebuande møte, jf. § 12-9 tredje ledd. Retten kan òg be den sakkunnige ha samtalar med barna og foreldra, rettleie foreldra i ei prøvetid og gjere undersøkingar for å klarleggje forholda i saka. Retten fastset kva den sakkunnige skal gjere, etter at partane har fått høve til å uttale seg. Avgjerder etter dette leddet kan ikkje ankast.

Retten kan nemne opp ein sakkunnig som kan uttale seg om spørsmål som saka reiser, når det er nødvendig for å få eit forsvarleg faktisk avgjerdsgrunnlag. Når det er sett fram påstandar om vald, overgrep, rus eller psykisk liding, skal retten alltid vurdere å nemne opp ein sakkunnig.

Sakkunnig som blir oppnemnd av retten etter denne paragrafen, skal leggje fram politiattest som nemnd i politiregisterloven § 39. Hastar oppnemninga, kan oppnemning skje før det er innhenta politiattest.

Departementet kan gi forskrift om utforminga av mandata til dei sakkunnige og utgreiingane deira.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-10-13T11:40:11.848780+00:00
Kilderevisjon
2c3f50b0a8c2
Innholdshash (XML)
f084e597080179b6714c5139795268481ef26098c6ed5c8d8b940623c7796e79
Rendererversjon
8