lovspor

§ 12-4. Stemning og tilsvar

I stemninga skal det stå kva foreldra og barna heiter, kva adresse dei har, og kva tvisten gjeld. Det skal òg stå ei kort utgreiing om grunnlaget for tvisten og påstanden til saksøkjaren. Meklingsattest og meklingsprotokoll skal leggjast ved. Ein kan nytte eit skjema for forenkla stemning.

Retten skal forkynne stemninga for den saksøkte. I tilsvaret skal den saksøkte gjere greie for kva tvistepunkt det er ueinigheit om, og greie kort ut om korleis han eller ho ser på saka. Tilsvaret må òg innehalde påstanden frå den saksøkte. Ein kan nytte eit skjema for forenkla tilsvar.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-10-13T11:40:11.848780+00:00
Kilderevisjon
2c3f50b0a8c2
Innholdshash (XML)
f084e597080179b6714c5139795268481ef26098c6ed5c8d8b940623c7796e79
Rendererversjon
8