§ 2-6. Farskap etter erklæring for barn født i utlandet
Ein mann kan erklære farskap til eit barn født i utlandet, dersom barnet ikkje allereie har ein far etter reglane i denne lova. Dette kan skje skriftleg, ved personleg frammøte for utsend utanrikstenestetilsett eller Nav-kontor, når dette er i samsvar med reglane i § 15-2. Lova § 2-5 første ledd andre til fjerde punktum gjeld tilsvarande.
Dersom opplysningane i saka ikkje gir grunnlag for å slå fast farskapen med rimeleg sikkerheit, kan myndigheita be om eigna prøve for DNA-analyse frå barnet, mora og den som vil erklære seg som far, i desse tilfella:
- når barnet, mora eller ein som vil erklære seg som far, ikkje kan dokumentere identiteten sin, eller
- når det er grunn til å tru at nokon har gitt urette opplysningar om kven som er far, for å få norsk statsborgarskap til barnet.
Når ein som vil erklære seg som far, seier nei til å gi frå seg prøve etter andre ledd, eller når ein DNA-analyse viser at han ikkje er far til barnet, kan han ikkje erklære farskap.
Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om erklæring av farskap til barn født i utlandet.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2025-06-20-40
- Hentet
- 2026-10-13T11:40:11.848780+00:00
- Kilderevisjon
- 2c3f50b0a8c2
- Innholdshash (XML)
- f084e597080179b6714c5139795268481ef26098c6ed5c8d8b940623c7796e79
- Rendererversjon
- 8