lovspor

§ 4-4. Midlertidig verje for mindreårige barn

Dersom ei sak etter dette kapittelet skal handsamast ved hovudforhandling og barnet saka gjeld er mindreårig, skal retten syte for oppnemning av ei midlertidig verje som tek hand om interessene til barnet når mora ikkje har peika ut kven faren er, når det ligg føre opplysningar som tyder på at faren kan vere ein annan enn den mora har peika ut, og når det elles er nødvendig. Det er statsforvaltaren som nemner opp verje etter reglane i vergemålsloven.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-10-13T11:40:11.848780+00:00
Kilderevisjon
2c3f50b0a8c2
Innholdshash (XML)
f084e597080179b6714c5139795268481ef26098c6ed5c8d8b940623c7796e79
Rendererversjon
8