lovspor

§ 4-6. Prøvetaking og DNA-analyse

I saker om foreldreskap kan retten gi alle partane i saka pålegg om å møte hos lege for å gi frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. Retten kan òg gi eit slikt pålegg til ein mann som ikkje er part, dersom det er grunn til å tru at han kan vere far, men berre når han først har fått sagt si meining. Kommunelegen peikar ut ein lege som har plikt til å ta dei prøvene som trengst.

Dersom nokon ikkje rettar seg etter pålegg etter første ledd om å kome til prøvetaking og DNA-analyse, enten sjølv eller med barn dei bur saman med, kan retten i orskurd vedta at vedkomande skal gripast av politiet og førast til lege for prøvetaking.

Dersom ein som kan vere far til barnet, er død eller utilgjengeleg av andre grunnar, kan retten som prov i ei sak om farskap hente inn og bruke prøver som er tekne av vedkomande før, eller hente inn anna biologisk materiale.

Departementet kan gi forskrift om innhenting og bruk av prøver som er tekne tidlegare, eller bruk av anna biologisk materiale.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-10-13T11:40:11.848780+00:00
Kilderevisjon
2c3f50b0a8c2
Innholdshash (XML)
f084e597080179b6714c5139795268481ef26098c6ed5c8d8b940623c7796e79
Rendererversjon
8