lovspor

§ 6-2. Foreldreansvar etter dødsfall

Dersom foreldra har foreldreansvaret saman og den eine døyr, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersom den attlevande forelderen er sikta eller tiltalt for å forsettleg ha valda den andre forelderen sin død, skal retten ta midlertidig avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 13-3.

Døyr ein forelder som har foreldreansvaret aleine, får den attlevande forelderen foreldreansvaret dersom barnet budde saman med begge ved dødsfallet. Dette gjeld ikkje når den attlevande er sikta, tiltalt eller dømd for å forsettleg ha valda den andre forelderen sin død.

Den attlevande forelderen og andre kan krevje å få foreldreansvar etter reglane i § 13-1.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-10-13T11:40:11.848780+00:00
Kilderevisjon
2c3f50b0a8c2
Innholdshash (XML)
f084e597080179b6714c5139795268481ef26098c6ed5c8d8b940623c7796e79
Rendererversjon
8