§ 6-9. Flytting ut av landet og opphald utanfor landet

Den eller dei som har foreldreansvaret, kan ta avgjerd om at barnet skal flytte ut av landet eller ta opphald utanfor landet. Når foreldra har felles foreldreansvar, må dei bli einige om flytting eller opphald. Det same gjeld der eit avtalt opphald blir forlenga eller endra.

Eit barn som har fylt 12 år, må samtykke til avgjerd om at det skal flytte eller ta opphald utanfor landet utan ein forelder som har foreldreansvar. Det same gjeld der eit avtalt opphald blir forlenga eller endra.

Dersom det er reist sak om foreldreansvar, bustad, dagleg myndigheit eller flytting ut av landet etter § 12-1, kan barnet ikkje flytte ut av landet før saka er avgjort.

Dersom ein av foreldra vil flytte ut av landet, og det er gjort ein avtale eller teke ei avgjerd om samvær med den andre, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast tre månader før flyttinga. Er foreldra ueinige om barnet skal flytte, kan ein av foreldra krevje mekling etter § 10-2 tredje ledd.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
c6633bd68df426b1b77582bce954ae649a5f6c0a0321a41a758f7be400e19af3
Rendererversjon
8