lovspor

§ 8-5. Høve til å stille vilkår for samvær

I avtale eller avgjerd om samvær kan det setjast vilkår for samværet, til dømes at det skal vere privat tilsyn under samværet eller tiltak for ruskontroll.

Dersom retten set som vilkår at det skal førast privat tilsyn, kan retten peike ut ein tilsynsperson eller be foreldra gjere det.

Den av foreldra som skal ha samvær, dekkjer kostnadene knytte til dei tiltaka som er sette som vilkår for samvær etter denne paragrafen. Retten kan i særlege høve fastsetje ei anna fordeling av kostnadene.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-10-13T11:40:11.848780+00:00
Kilderevisjon
2c3f50b0a8c2
Innholdshash (XML)
f084e597080179b6714c5139795268481ef26098c6ed5c8d8b940623c7796e79
Rendererversjon
8