lovspor

§ 9-13. Gjennomføring av avgjerder om bidrag og gebyr. Tvangsgrunnlag

Bidrag blir kravde inn av Innkrevjingsmyndigheita etter reglane i bidragsinnkrevingsloven.

Avgjerd i sak om bidrag er tvangsgrunnlag for utlegg. Avgjerda har rettsverknader og kan fullførast før ho er endeleg, om ikkje anna er fastsett. Oppfyllingsfristen er tre dagar, om ikkje anna frist er fastsett.

Ein skriftleg avtale om bidrag er tvangsgrunnlag for utlegg når bidrag etter avtalen blir kravd inn etter reglane i innkrevingsloven. Det same gjeld ei avgjerd om gebyr som nemnd i § 9-5 andre ledd.

Blir barnebidrag som er gjort opp, redusert etter reglane i § 9-5 andre ledd, §§ 9-9 eller 9-11 eller etter klage, kan den bidragspliktige krevje at Innkrevjingsmyndigheita gjer frådrag i pålagt lønnstrekk m.m. på den måten og for dei terminane som Innkrevjingsmyndigheita finn rimeleg. Avgjerd om frådrag i barnebidrag kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-10-13T11:40:11.848780+00:00
Kilderevisjon
2c3f50b0a8c2
Innholdshash (XML)
f084e597080179b6714c5139795268481ef26098c6ed5c8d8b940623c7796e79
Rendererversjon
8