lovspor

§ 9-8. Indeksregulering av barnebidrag

Alle barnebidrag skal indeksregulerast etter reglane i denne paragrafen dersom ikkje anna er fastsett i avgjerda eller avtalen.

Indeksreguleringa gjeld også for beløpet som er fastsett etter forskotteringsloven § 5 første ledd, med mindre Stortinget gjer vedtak om noko anna.

Reguleringa er knytt til endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Barnebidrag skal regulerast kvart år ut i frå endringa i konsumprisindeksen for januar månad i forhold til indeksen ved førre regulering. Kvar regulering gjeld berre for bidragsterminar som forfell i juni eller seinare.

Barnebidrag skal regulerast med den prosentsatsen som konsumprisindeksen er endra med, rekna ut på næraste tidel. Bidragssummen blir avrunda til næraste heile ti kroner.

Arbeids- og velferdsetaten reknar om barnebidrag som skal krevjast inn etter bidragsinnkrevingsloven.

Departementet kan gi forskrifter om indeksregulering av barnebidrag.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-10-13T11:40:11.848780+00:00
Kilderevisjon
2c3f50b0a8c2
Innholdshash (XML)
f084e597080179b6714c5139795268481ef26098c6ed5c8d8b940623c7796e79
Rendererversjon
8