{
 "canonical_id": "nl-19610203-000#paragraf-19",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/bilansvarslova-bal/paragraf/19/",
 "heading_id": "19",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/bilansvarslova-bal/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "78f9bdec5a54b81e003fbe3687ac8449da3cb712c9d5390d69edff178da493a1",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "f128f8ed06889ceda50a10dc8ea7f2b369a728457e95dac2b46998900b3f0b80"
 },
 "ref_id": "lov/1961-02-03",
 "schema_version": "1",
 "slug": "bilansvarslova-bal",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "1961-06-01",
  "last_change_in_force": "2022-07-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 19. (når ein trygdeavtale held opp å gjelda og ymist anna; samhøve med trygdeavtalelova[^1]).\n\nOm ein trygdeavtale held opp å gjelda, skal Trafikkforsikringsforeningen gi melding til motorvognregisteret om dette. Kjennemerke kan utan vidare varsel dragast inn etter nærare føresegner gitt av departementet. I føresegnene kan departementet og fastsetja at kjennemerke som er dregne inn, ikkje skal leverast ut att før det er betalt ei særleg avgift.\n\nTrygdaren skal i betalingsvarsel eller oppseiing til trygdetingaren gjera han kjend med kva fylgje det kan få etter første leden i paragrafen her eller etter [§ 20](lov/1961-02-03/§20) første leden bokstav a og b om han ikkje betalar eller leverar inn kjennemerke og vognkort av eige tiltak.\n\nTrygdaren er ansvarleg for alle fylgjer av ei skadehending som ber til i trygdetida, såleis og for dei som kjem til syne etter at trygdetida er ute.\n\nReglane i [forsikringsavtalelova](lov/1989-06-16-69) gjeld for trafikktrygding etter denne lova, så framt ikkje anna er sagt her i lova, eller går fram av samanhengen. Mellom trygdar og trygdetingar skal ei trafikktrygding haldast for ansvarstrygding endå om trygdetingaren sjølv ikkje er ansvarleg. Reglane om foraldring i [forsikringsavtalelova § 8-5](lov/1989-06-16-69/§8-5) og [§ 8-6](lov/1989-06-16-69/§8-6) første, andre og fjerde leden gjeld ikkje om skadebot eller attsøkjingskrav etter denne lova.\n\n> Endra med lover [25 mai 1973 nr. 26](lov/1973-05-25-26), [17 des 1976 nr. 100](lov/1976-12-17-100), [16 juni 1989 nr. 69](lov/1989-06-16-69), [26 juni 1998 nr. 46](lov/1998-06-26-46) (ikr. 1 okt 1998 iflg. [res. 26 juni 1998 nr. 600](forskrift/1998-06-26-600)), [19 des 2017 nr. 117](lov/2017-12-19-117) (ikr. 1 jan 2018), [18 feb 2022 nr. 5](lov/2022-02-18-5) (i kraft 1 juli 2022 iflg. [res. 4 mars 2022 nr. 324](forskrift/2022-03-04-324)).\n\n1 Inkurie: Skal vel være [forsikringsavtaleloven](lov/1989-06-16-69).\n",
 "title": "(når ein trygdeavtale held opp å gjelda og ymist anna; samhøve med trygdeavtalelova[^1]).",
 "type": "paragraf"
}
