§ 7. (når skadelidaren har medverka til skaden).

Har skadelidaren medverka til skaden med vilje eller i aktløyse, kan retten minka skadebotkravet eller lata det falla heilt bort, så nær som når skadelidaren kan leggjast berre lite til last. Avgjerda skal retta seg etter åtferda på kvar side og tilhøva elles.

Gjer ei motorvogn skade medan ho står still og skaden ikkje vert gjord medan vogna vert sett i gang eller stogga, kan retten minka skadebotkravet eller lata det falla heilt bort, jamvel når skadelidaren kan leggjast berre lite til last.

Skadelidaren kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar er for det, dersom han av fri vilje køyrde eller let seg køyre i den vogna som gjorde skaden endå han visste[^1] at vogna var fråvend rette innehavaren med brotsverk.

Skadeliden vognførar som køyrde den vogna som gjorde skaden, kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar er for det dersom han visste eller måtte vita at

  1. vogna vart nytta i samband med eit brotsverk, eller
  2. han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder. Særregelen her gjeld likevel ikkje i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd. Hadde vognføraren større alkoholkonsentrasjon i blodet enn 0,5 promille eller ei alkoholmengd i kroppen som kan føre til så stor alkoholkonsentrasjon i blodet, eller større alkoholkonsentrasjon i utandingslufta enn 0,25 milligram per liter luft, vert han i alle tilfelle rekna for påverka av alkohol i høve til regelen her.

Endra med lover 21 juni 1985 nr. 81, 27 nov 1992 nr. 113 (ikr. 1 jan 1994), 22 sep 2000 nr. 79 (ikr. 1 jan 2001 iflg. res. 22 sep 2000 nr. 959), 15 juni 2001 nr. 61 (ikr. 16 juni 2001 iflg. res. 15 juni 2001 nr. 691).

1 Jf. EØS-avtalen vedlegg IX nr. 8 (dir 2009/103 art. 13 nr. 1 (2)).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1961-02-03
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
f128f8ed06889ceda50a10dc8ea7f2b369a728457e95dac2b46998900b3f0b80
Rendererversjon
8
I kraft
1961-06-01
Siste endring i kraft
2022-07-01