§ 6-17. Skadebotansvar

(1) Staten skal bøte tap som nokon lir utan eiga skuld på grunn av registreringsfeil ved:

  1. å lite på ein attest om registrering eller sletting eller på ei attestert registerutskrift,
  2. at eit rettserverv ikkje blir registrert eller blir registrert eller endeleg registrert for seint,
  3. at eit rettserverv må stå attende etter § 6-12 for eit erverv som er registrert seinare, eller
  4. at registrering er skjedd på grunnlag av eit dokument som nemnd i § 6-13 andre ledd, og nokon i god tru har fått registrert ein rett som byggjer på avtale, i tillit til det registrerte.

Føyd til ved lov 17 juni 2005 nr. 94 (ikr. 15 aug 2005 iflg. res. 1 juli 2005 nr. 753), endra ved lov 20 juni 2014 nr. 45 – sjå dens IV (ikr. 18 apr 2017 iflg. res. 31 mars 2017 nr. 414).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2003-06-06-39
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
540e62dfe2215084b7c06cda05160dfe24ec38e8e081810f82864359e0533069
Rendererversjon
8
I kraft
2004-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01