(1) Laget skal ha ein andelskapital på til saman minst 100 000 norske kroner.
(2) Laget skal ha minst tjue andelseigarar når det blir stifta. Stiftelsesloven kapittel 6 gjeld tilsvarande dersom laget ikkje lenger har andelseigarar.
(3) Andelane skal lyde på minst 300 norske kroner, men ikkje meir enn 5 000 norske kroner. Det kan fastsetjast i vedtektene at andelane skal ha ulikt pålydande.
(4) Om ikkje andelskapitalen åleine oppfyller kravet i første ledd, må ein eller fleire andelseigarar i tillegg til andelen skyte inn kapital i laget som skal reknast likt med andelskapital. Er ikkje anna avtala, kan slik innskotskapital krevjast tilbakebetalt dersom laget etter betalinga har ein eigenkapital på minst 100 000 norske kroner, og eigenkapitalen ikkje er openbert uforsvarleg ut frå risikoen og verksemda i laget, jf. § 3-3.
(5) Med unntak for tilbakebetaling som nemnt i fjerde ledd kan andelskapitalen berre setjast ned dersom det trengst for å dekkje tap som ikkje kan dekkjast på anna vis.
Endra med lov 21 des 2005 nr. 130.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.