§ 9-4. Innhaldet i planen for samanslåinga
(1) Planen for samanslåing skal minst innehalde
- føretaksnamn for laga, forretningskommunar, adresser og organisasjonsnummer,
- frå kva tid transaksjonar i det overdragande laget i forhold til rekneskapen skal sjåast som gjorde for rekning av det overtakande laget,
- kva rettar andelseigarane skal ha i det overtakande laget,
- utkast til opningsbalanse for det overtakande laget. Opningsbalansen skal setjast opp i samsvar med gjeldande rekneskapsreglar. Registrert eller statsautorisert revisor skal gi ei fråsegn om at balansen er sett opp i samsvar med desse reglane.
(2) Planen skal òg innehalde framlegg til vedtektsendring i det overtakande laget. Nye reglar om rettar og plikter i laget skal vere oppgitt særskilt.
(3) I planen skal det fastsetjast at det overtakande laget skal overta forvaltninga av det overdragande laget så snart planen er godkjend av alle laga som er med i samanslåinga.
(4) Dersom to eller fleire lag blir samanslegne ved at det blir stifta eit nytt lag, skal planen innehalde framlegg til stiftingsdokument for det overtakande laget. Reglane i kapittel 2 gjeld tilsvarande så langt dei passar.
Endra med lov 6 juni 2003 nr. 38 (ikr. 1 mars 2004 iflg. res. 5 sep 2003 nr. 1118, sjå § 13-3 i lova her).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2003-06-06-38
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 9bd5436b14359f170dbd937b2c931905e9f125d31bb80b6a1ad278fd252fed6c
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2005-08-15
- Siste endring i kraft
- 2024-11-01