{
 "canonical_id": "nl-19970613-043#paragraf-9",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/bustadoppføringslova-buofl/paragraf/9/",
 "heading_id": "9",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/bustadoppføringslova-buofl/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "30234d8e7865de8d7a7b77385d66dc68780678d9cdd448c51fbff7f59275758a",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "5eb88b5d7a3f3001870ee7eddf8e0bd9df15d50f1e53b3b5ba4846e49c2e1305"
 },
 "ref_id": "lov/1997-06-13-43",
 "schema_version": "1",
 "slug": "bustadoppføringslova-buofl",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "1998-07-01",
  "last_change_in_force": "2021-01-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 9. Endringar og tilleggsarbeid\n\nForbrukaren kan krevje endringar i arbeidet og påleggje entreprenøren å utføre tilleggsarbeid som står i samanheng med den ytinga som er avtalt, og som ikkje i omfang eller karakter skil seg vesentleg frå denne ytinga.\n\nForbrukaren kan likevel ikkje krevje endringar eller tilleggsarbeid dersom dette ville føre til ulemper for entreprenøren som ikkje står i høve til forbrukarens interesse i å krevje endringa eller tilleggsarbeidet.\n\nDet kan avtalast på førehand at forbrukaren ikkje kan krevje endringar eller tilleggsarbeid som vil endre vederlaget med 15 prosent eller meir.\n\nEntreprenøren kan krevje at tinging på endringar eller tilleggsarbeid blir gjord skriftleg.\n\nFøresegner om vederlaget i samband med endringar eller tilleggsarbeid står i [§ 42](lov/1997-06-13-43/§42).\n",
 "title": "Endringar og tilleggsarbeid",
 "type": "paragraf"
}
