§ 8. Innhenting og handsaming av personopplysningar

Husbanken og kommunane kan handsame personopplysningar, medrekna personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når dette er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova her. Tilgangen til å handsame opplysningar etter denne føresegna gjeld også nødvendige opplysningar om andre husstandsmedlemmer.

Husbanken og kommunane kan utan hinder av teieplikt påleggje offentlege styresmakter, långjevarar, utleigarar, burettslag, eigarseksjonssameige og tilbydarar av posttenester å gje opplysningar som er nødvendige for å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er oppfylte eller har vore oppfylte i tilbakelagde periodar. Husbanken og kommunane kan hente inn slike opplysningar direkte frå instansane som er nemnde i første punktum, og nytte dei i sakshandsaminga utan samtykke frå den det gjeld. Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av paragrafen her, kan ikkje krevje godtgjering. Informasjonsplikta i personvernforordninga artikkel 14 gjeld. Reglane om bevisfritak i tvisteloven §§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.

Husbanken kan ta avgjerder som berre er baserte på automatisert handsaming av personopplysningar, medrekna personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10. Handsaminga må oppfylle krava som elles blir stilte til sakshandsaminga, og vere i samsvar med retten til vern av personopplysningar. Den registrerte har rett til manuell overprøving av avgjerda.

Departementet kan gje forskrift om handsaming av personopplysningar, medrekna kva for opplysningstypar Husbanken kan handsame, kva for personar Husbanken kan handsame opplysningar om, bruk av automatiserte avgjerder og innhenting, utlevering og anna handsaming av personopplysningar frå andre kjelder enn den statlege bustøtta.

Endra ved lover 19 juni 2015 nr. 69 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 665), 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195), 4 des 2020 nr. 137 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 4 des 2020 nr. 2591), 19 juni 2026 nr. 56 (i kraft 1 juli 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1134).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2012-08-24-64
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
25f2c5c65697c1ba9095855422cba485bedaab900cd60e3e24d88f3fb1d9e684
Rendererversjon
8
I kraft
2013-01-01
Siste endring i kraft
2026-07-01