Husbanken kan utan hinder av teieplikt handsame opplysningar som er henta inn i medhald av denne lova, medrekna personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9, når det er nødvendig for forsking, statistikk og analysar for føremåla i husbanklova § 1. Husbanken kan lagre desse opplysningane for seinare bruk i forsking. Handsaminga skal vere underlagd garantiar som nemnt i personvernforordninga artikkel 89 nr. 1.
Departementet kan gje forskrift om utlevering, innhenting, samanstilling og anna handsaming av personopplysningar frå den statlege bustøtta og andre kjelder til forsking, statistikk og analysar.
Tilføyd ved lov 19 juni 2026 nr. 56 (i kraft 1 juli 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1134).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.