§ 4

Eigedomsskatt vert skriven ut på dei faste eigedomane ut frå tilhøva den 1. januar i skatteåret.

Til faste eigedomar vert rekna bygningar og tomt som høyrer til, huslause grunnstykke som hagar, lykkjer, vassfall, laste-, opplags- eller arbeidstomter, bryggjer og liknande og likeeins næringseigedom. Til næringseigedom vert m.a. rekna fabrikkar, sagbruk, industrielle verk, steinbrot, losse- og lasteplassar og liknande arbeids- og driftsstader samt kontorlokale, butikk, hotell og serveringsstad mv. Produksjonsutstyr og -installasjonar skal ikkje reknast med i eigedomsskattegrunnlaget for næringseigedom. Til næringseigedom vert ikkje rekna kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. For vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum skal arbeidsmaskinar og tilhøyrsle og ting som kan setjast i klasse med slikt ikkje reknast med utan tingen er ein part av sjølve føretaket. For kraftnett inngår grunnen under linjene i anlegget.

Flytande anlegg i sjø for oppdrett av fisk, skjell, skalldyr og andre marine artar vert jamnstelt med næringseigedom og anlegg nemnde i andre leden fjerde punktum, når anlegget har vore stasjonert i kommunen i over 6 månader i året før skatteåret. Eigedomsskatt vert då skriven ut sjølv om anlegget ikkje var stasjonert i kommunen 1. januar i skatteåret. Verdsetjinga av anlegget skjer jamvel etter tilhøva denne datoen. Til slikt anlegg vert rekna dei fysiske installasjonane som merder, flytemodul, fôringsmaskin, fôringslager, opphaldsrom og sanitæranlegg og liknande, samt anker, lodd og liknande til forankring.

Endra med lover 16 juni 2006 nr. 25 (f o m skatteåret 2007), 12 des 2008 nr. 90 (f o m skatteåret 2009), 10 des 2010 nr. 61 (f o m skatteåret 2011), 19 des 2017 nr. 118 (ikr. 1 jan 2019 med verknad frå skatteåret 2019, sjå overgangsregel i lova del I som endra ved lov 22 juni 2018 nr. 75), 20 des 2019 nr. 88, 20 des 2022 nr. 102 (i kraft 1 jan 2023 med verknad frå skatteåret 2023, sjå overgangsregel i endringslova del II).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1975-06-06-29
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
fc2c36901d45
Innholdshash (XML)
cbac3b517e6569ade007cad677b9b509b39424223e7b0b9848982414ca568a6c
Rendererversjon
8
I kraft
1976-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01