§ 1.
Med fiende er i denne lova meint:
- Stat som Noreg er i krig med (fiendestat).
- Borgar av fiendestat kvar han så bur eller held til.
- Fysisk person som bur eller har fast tilhald på fiendeområde.
- Juridisk person (selskap, lag, korporasjon eller stifting) privat eller offentleg, som har setet sitt på fiendeområde eller slik juridisk person som fienden har kontrollen over.
Med fiendeområde er i denne lova meint område som fiendestat har høgste retten (suvereniteten) over. Det same gjeld område som Kongen eller den han gjev fullmakt har fastsett skal reknast for fiendeområde.
Kongen eller den han gjev fullmakt kan fastsetja at andre rettssubjekt og enn dei som er nemnde i første leden skal reknast for fiende etter denne lova. På same måten kan det fastsetjast at rettssubjekt som kjem inn under føresegnene i første leden, ikkje skal reknast for fiende.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/1950-12-15-4
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- c515cb8359bbc11e5569dbcf38c278b68d0034b65b50e58317c028249853fdda
- Rendererversjon
- 8
- Siste endring i kraft
- 2015-10-01