§ 5.
Det er forbode å betale skuld til fienden eller å avhenda, leggja hefte på, bruka opp eller annleis råda over fiendegods på slik måte, at det kjem bort eller minkar serleg i verde. Direktoratet for fiendegods kan med ålmenne reglar eller serleg løyve gjera unnatak frå dette forbodet.
Rettshandel i strid med forbodet i førre leden er utan rettsverknad. God tru gjev ingen heimel for å vinna eigedomsrett eller annan rett til fiendegods. Unnatak gjeld likevel for pengar og for aksjar og skuldbrev som er utferda til ihendehavaren.
Utlegg og anna tvangsfullføring i fiendegods kan ikkje fremjast utan samtykke frå Direktoratet for fiendegods. Det same gjeld inndraging i konkursbu.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/1950-12-15-4
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- c515cb8359bbc11e5569dbcf38c278b68d0034b65b50e58317c028249853fdda
- Rendererversjon
- 8
- Siste endring i kraft
- 2015-10-01