§ 2. Kommunal løyveordning

Framsyning av film eller videogram i næring må ikkje skje utan løyve frå kommunestyret eller den kommunestyret har gitt fullmakt.

Løyvet kan givast for ein periode på opptil fem år. Løyvet kan nektast eller trekkjast attende dersom løyvehavaren bryt reglar i denne lova eller i forskrifter til denne lova, straffelova §§ 236, 311 eller 317 eller bryt vilkår som er sette ved tildeling av løyvet.

Kommunen og Medietilsynet har rett til å gjennomføre naudsynt kontroll med at den løyvepliktige verksemda blir driven i samsvar med dei reglane som gjeld.

Kommunane kan fastsetje vilkår for løyve til framsyning av film og videogram. Det kan ikkje fastsetjast vilkår som inneber totalforbod mot framsyning av film eller videogram i ein kommune.

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå kravet om løyve.

Endra med lover 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000 iflg. res. 17 des 1999 nr. 1343), 11 aug 2000 nr. 76, 2 juli 2004 nr. 68 (ikr. 1 jan 2005 iflg. res. 2 juli 2004 nr. 1099), 22 des 2006 nr. 104 (ikr. 1 jan 2007 iflg. res. 22 des 2006 nr. 1537), 3 sep 2010 nr. 55 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1240), 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1987-05-15-21
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
680d4948380f8607cdb8414568eaa9b700096bb2159e7116f29ac8fbba81b088
Rendererversjon
8
I kraft
1988-01-01
Siste endring i kraft
2022-01-01