§ 6. Tilbakekalling av godkjenning

Departementet kan kalle tilbake godkjenninga permanent eller mellombels dersom

  1. fiskesalslaget ikkje oppfyller dei krava som er fastsette i eller etter samvirkelova,
  2. statens kontrollør har vorte hindra i arbeidet sitt,
  3. fiskesalslaget grovt eller gjenteke har brote føresegner som er fastsette i eller etter lova her, eller
  4. organiseringa og strukturen til fiskesalslaga ikkje er tenleg ut frå formålet med lova.

Ved tilbakekalling av godkjenning kan departementet fastsetje at eit anna fiskesalslag skal overta ansvarsområdet til det fiskesalslaget som fekk godkjenninga si kalla tilbake.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2013-06-21-75
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
56534e2d08a4172b10dd2e24bb6a4fd9cd03db5b3089ef8ba8df4d7a90477f05
Rendererversjon
8
I kraft
2014-01-01
Siste endring i kraft
2015-10-01