§ 25

Jakt og fangst i statsallmenning kan berre drivast mot løysing av jaktkort og betaling av avgift. Avgifta, som vert fastsett av fjellstyret, må godkjennast av departementet. Fjellstyret har høve til å setja ulik avgift for dei som er busette i område, bygd eller grend slik som nemnt i § 23 andre stykket og for andre jegrar. Avgifta kan og setjast ulik for jakt utan hund på småvilt og for slik jakt med hund.

Innehavaren skal ha jaktkortet med seg under jakta, og pliktar å vise det fram når dette vert kravt av jaktoppsynet, politiet eller nokon frå fjellstyret.

Fjellstyret kan nekte å skrive ut jaktkort til den som i dei 3 siste åra rettskraftig er dømd til straff, eller har vedteke førelegg om straff, for brot mot nokor føresegn om jakt.

Kongen fastset nærare forskrifter om jaktkort og om kontroll med jakt og fangst i statsallmenning.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1975-06-06-31
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ce8e5fd5ef24174df64e62d3042ca46ba0ee96e07066acd852edaef352988a92
Rendererversjon
8
I kraft
1976-01-01
Siste endring i kraft
2023-06-09