Fjellstyret kan gjere vedtak om at statsallmenning eller del av statsallmenning skal vere med i eit større fiskeområde, når dette er føremålstenleg av omsyn til utnytting av fisket i allmenningen.
Under same vilkår kan fjellstyret gjere vedtak om at fisket i statsallmenning eller del av statsallmenning skal leigast bort til ein organisasjon som har fremje av fiske som føremål.
Før det vert gjort vedtak etter første og andre stykket, skal det lokale fiskeorgan gje fråsegn. Avtale etter paragrafen her må godkjennast av departementet, og må ikkje føre til at dei som er nemnt i § 28 første stykket, vert stilt vesentleg dårlegare enn før med omsyn til å kunne få høve til å fiske.
Endra med lov 15 mai 1992 nr. 47.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.