Ligg retten til allmenningsbruk til bygd eller grend i ein eller fleire andre kommunar enn den allmenningen ligg i, kan Kongen ta avgjerd om skiping av forsterka fjellstyre med representantar også frå den eller dei kommunane som berre har rett til allmenningsbruk.
Andre og tredje stykket i § 5 gjeld tilsvarande.
Føresegnene i denne paragrafen gjeld tilsvarande når rettar i allmenningen i kraft av særleg heimel ligg til gardar eller grender i andre kommunar enn den allmenningen ligg i.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.