§ 1. Omfanget av lova.

Lova gjeld forpakting av eigedom, som skal nyttast til jordbruks- eller skogbruksproduksjon.

Unntatt er:

  1. forpakting av eigedom som er mindre enn 5 dekar,
  2. forpakting i samband med arbeidsforhold når eigedomen er tillagt arbeidstakaren og inntekta av eigedomen utgjer den mindre delen av lønna,
  3. forpakting av eigedom som blir forvalta av militær styremakt,
  4. leigeforhold som går inn under husleigelova,
  5. leige av jordbruksareal utan hus (rein jordleige).

Dersom eigedomen skal nyttast til gartneri, forsøksfelt, undervisningsføremål eller liknande, kan departementet etter søknad gjere vedtak om at forpaktingsforholdet heilt eller delvis skal vere unntatt frå føresegnene i lova.

Endra med lover 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96, 21 juni 2017 nr. 99 (ikr. 1 sep 2017 iflg. res. 21 juni 2017 nr. 829).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1965-06-25-1
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
13e190ce0a968559bce3f2405054c9a4c9a00aa76191fe378a4f5515b7eb02b7
Rendererversjon
8
I kraft
1966-01-01
Siste endring i kraft
2021-06-01