Dersom jordeigaren overlet forpaktaren buskap, skal han vere forplikta til å halde ein slik buskap på eigedomen. Buskapen skal til kvar tid så vidt råd er ha same realverde som den han overtok. Husdyra som blir sette i staden for dei forpaktaren overtok, skal tilhøyre jordeigaren.
Forpaktaren er ansvarleg for skade som råkar buskapen ved hendeleg uhell.
Både ved overtakinga og ved tilbakeleveringa skal det ved skjønn i samsvar med §§ 11 og 12 haldast takst over buskapen. Ved oppgjeret blir prisane på tilbakeleveringstida lagde til grunn. Har husdyrprisane endra seg i forpaktingstida, skal skjønnet først omrekne overtakingstaksten til dei prisar som gjeld ved tilbakeleveringa.
Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje om anna er avtala.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.