§ 23. Brann i forpaktingstida.

Blir bygning som ikkje utan ulempe kan unnverast, øydelagd av brann, kan forpaktaren krevje ei rimeleg nedsetting av forpaktingsavgifta for den tid bygningen er ubrukeleg. Dersom jordeigaren ikkje set opp ny bygning eller utbetrar skaden innan rimeleg tid, kan forpaktaren heve avtalen, såframt ulempa ikkje er uvesentleg.

Føresegnene i første leden gjeld ikkje dersom forpaktaren eller nokon i hans husstand eller nokon han svarar for, er skuld i brannen.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1965-06-25-1
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
13e190ce0a968559bce3f2405054c9a4c9a00aa76191fe378a4f5515b7eb02b7
Rendererversjon
8
I kraft
1966-01-01
Siste endring i kraft
2021-06-01