Avhender legitimasjonshavaren eit omsetningsgjeldsbrev til eige eller pant, og mottakaren får det i hende, kan utgjevaren ikkje gjera gjeldande
at kravet er ugildt etter reglane i §§ 29-33 eller 36 i avtalelova, eller § 2 i pristiltakslova, eller at gjeldsbrevet er utgjeve utan hans vilje etter at han skreiv under det,
at han ikkje har fått det vederlaget som var avtala, eller har andre motsegner frå det rettshøvet som var grunnlag for gjeldsbrevet,
at kravet er betala før gjeldsbrevet vart avhendt eller at det er bortfalle eller brigda med avtale, motrekningsfråsegn eller oppseiing eller i dom.
Men ei motsegn går ikkje tapt, i fall mottakaren kjenner det omstendet som ho blir bygd på, eller bør ha mistanke om det. Det same gjeld, om gjeldsbrevet har fått ei påskrift om det, som ikkje lett kunde takast bort, endå om dette sidan er gjort.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.