Avgjerdene jordskifteretten tek er tvangsgrunnlag på same måte som orskurder. Klagen har ikkje utsetjande verknad om ikkje jordskifteretten vedtek noko anna. Føresegna i tvisteloven § 19-13 tredje og fjerde stykket gjeld tilsvarande.
Når den eine grannen ikkje oppfyller gjerdehaldsskyldnaden, kan namsfuten lata den andre få fullmakt til å setja arbeidet i verk på den fyrstnemnde sin kostnad. Har kravet ikkje tvangskraft, skal namsfuten gjeva grannen høve til å seia si meining før namsfuten tek avgjerd. Er det ikkje tvangsgrunnlag frå før, kan tvist om kostnadsspørsmålet avgjerast av jordskifteretten når arbeidet er gjort.
Endra med lover 16 juni 1961 nr. 15 § 24, 26 jan 1973 nr. 3, 26 juni 1992 nr. 86, 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002 iflg. res. 14 des 2001 nr. 1416), 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84, 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3, 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736), 19 juni 2026 nr. 45 (i kraft 1 juli 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1146).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.