Born har krav på respekt for menneskeverdet sitt. Dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget.
Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn.
Born har rett til vern om den personlege integriteten sin. Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for utviklinga til barnet og mellom anna sjå til at det får den økonomiske, sosiale og helsemessige tryggleiken som det treng, helst i sin eigen familie.
Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.