Stortingsval blir halde kvart fjerde år innan utgangen av september.
Har det skjedd noko ekstraordinært som gjer at ein vesentleg del av veljarane kan bli hindra frå å røyste, kan Stortinget med røystene frå to tredjedelar av medlemmene forlengje valtinget med opp til éin dag eller utsetje valtinget.
Det kan berre gjerast vedtak om forlenging eller utsetjing i den mon det er naudsynt for at veljarane skal kunne få røyste. Valtinget skal vere avslutta innan éin månad etter den dagen Kongen i statsråd har fastsett som valdag.
Dersom Stortinget ikkje kan samlast, kan Kongen i statsråd forlengje valtinget med opp til éin dag eller utsetje valtinget i opp til sju dagar på dei same vilkåra som er nemnde i andre og tredje leddet.
Har det skjedd noko ekstraordinært som har hindra ein vesentleg del av veljarane frå å røyste, kan det sitjande Stortinget med røystene frå to tredjedelar av medlemmene vedta at det skal haldast omval. Det kan berre gjerast vedtak om omval i den mon det er naudsynt for at veljarane skal kunne få røyste. Dei valde representantane blir sitjande til omvalet er endeleg godkjent.
Eit nyvalt storting kan ikkje gjere om eit tidlegare stortings vedtak om at det skal haldast omval.
Endra med grunnlovsvedtak 13 aug 1857, 24 apr 1869, 11 juni 1898, 25 mai 1905, 8 juni 1907, 5 apr 1938 kunngjort 22 apr 1938, 10 feb 1959 kunngjort 27 feb 1959, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 1 juni 2022 kunngjort med res. 22 juni 2022 nr. 1133.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.