Dei valde representantane får tildelt fullmakter. Stortinget avgjer om fullmaktene er lovlege.
Alle som har stilt liste ved stortingsvalet, kan klage på avgjerda frå Stortinget. Nærare føresegner om klagerett og klagegrunnar blir fastsette i lov. Høgsterett avgjer klagene.
Dersom Stortinget, Høgsterett eller riksvalstyret kjenner valet ugyldig, blir dei valde representantane sitjande til eit omval er endeleg godkjent.
Endra med grunnlovsvedtak 25 mai 1905, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 1 juni 2022 kunngjort med res. 22 juni 2022 nr. 1133.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.