{
 "canonical_id": "nl-18140517-000-nn#paragraf-72",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/grunnlova-nynorsk-grl/paragraf/72/",
 "heading_id": "72",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/grunnlova-nynorsk-grl/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "324e4f9c6384a9ae8956971eb3d2a669e2326b5313024f2486997afbb5d72e13",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "9ff6b5a30c9cd1805689550a63412e760ba6723ef021f489fb8ae366ad93581f"
 },
 "ref_id": "lov/1814-05-17",
 "schema_version": "1",
 "slug": "grunnlova-nynorsk-grl",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": null,
  "last_change_in_force": "2024-05-21",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 72\n\nEtter kvart stortingsval nemner Stortinget opp eit riksvalstyre med fem medlemmer. Leiaren og to andre medlemmer skal vere dommarar. Det skal nemnast opp tre sams varamedlemmer for dei medlemmene som er dommarar, og to sams varamedlemmer for dei andre medlemmene.\n\nRiksvalstyret sit i fire år frå 1. januar det andre årsskiftet etter stortingsvalet.\n\nDesse kan ikkje nemnast opp til riksvalstyret:\n\n1. medlemmer av regjeringa\n2. medlemmer og varamedlemmer av Stortinget, fylkesting og kommunestyre\n3. statssekretærar og politiske rådgjevarar ved statsrådskontora og på Stortinget.\n\nMedlemmer og varamedlemmer av riksvalstyret som stiller til val til Stortinget, fylkestinget eller kommunestyret, går ut av riksvalstyret.\n\nStortinget kan løyse ein medlem eller varamedlem frå ombodet når ho eller han ber om det av personlege grunnar eller grovt har krenkt plikter som følgjer med ombodet.\n\nI særlege høve kan Stortinget løyse ein eller fleire medlemmer eller varamedlemmer frå ombodet dersom det må til for at riksvalstyret skal kunne ta seg av oppgåvene sine.\n\nVedtak om å løyse ein medlem eller varamedlem frå ombodet blir gjort med to tredjedelar av røystene, men med vanleg fleirtal når vedkommande sjølv ber om å bli løyst frå ombodet.\n\nNærare føresegner om riksvalstyret blir fastsette i lov.\n\n> Oppheva med grunnlovsvedtak 29 mai 1990 kunngjort med [res. 13 juli 1990 nr. 550](forskrift/1990-07-13-550), tilføyd med grunnlovsvedtak 1 juni 2022 kunngjort med [res. 22 juni 2022 nr. 1133](forskrift/2022-06-22-1133).\n",
 "title": null,
 "type": "paragraf"
}
