§ 10-7. (Tilbaketrekking av konsesjon)

Dersom konsesjon er gjeven på grunnlag av urette eller ufullstendige opplysningar om vesentlege omstende kan konsesjonen trekkjast tilbake. Det same gjeld dersom konsesjonæren ikkje lenger kan reknast for å vere skikka til å drive verksemda etter grovt eller gjentekne brot på lova eller føresegner eller pålegg gjevne i medhald av lova.

Konsesjon kan òg trekkjast tilbake dersom dette følgjer av konsesjonsvedtaket, ved oversitjing av fristar for detaljplan, byggjestart eller andre fristar knytt til framdrift av tiltaket.

Blir konsesjon for eit etablert anlegg trekt tilbake, skal det fastsetjast ein frist til å syte for at anlegget blir overteke av andre som lovleg kan drive det. Føresegnene i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eiendom mv. (konsesjonsloven) § 19 gjeld tilsvarande dersom fristen ikkje er overhalden.

Blir konsesjon etter andre ledd trekt tilbake kan departementet lyse ut konsesjonen for innhenting av søknader frå andre interesserte, eller påleggje frist for overdraging etter tredje ledd. Ved utlysing gjeld kapittel 3 for handsaming av søknader så langt det passar.

Endra med lover 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149, 18 des 2020 nr. 157 (ikr. 1 juli 2021 iflg. res. 4 juni 2021 nr. 1778).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2010-06-04-21
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
525a7aae567786cc237c035e195368c6349144615b9e68c0abf229a02a6639fc
Rendererversjon
8
I kraft
2010-07-01
Siste endring i kraft
2026-01-01