§ 23. Omsetningsgrense for sports- og rekreasjonsfiske

Ein person eller eit føretak kan per kalenderår ikkje omsetje fangst som er teken med fartøy som ikkje er merkeregistrert, eller frå land, for meir enn 50 000 kroner. Denne grensa gjeld sjølv om fleire personar eller føretak omset fangst som er hausta med det same fartøyet. Den som eig merkeregistrert fartøy, kan likevel ikkje omsetje slik fangst av fiskeslag som han er tildelt kvote for etter § 12.

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå føresegnene i første ledd for omsetning av fangst som er teken med landnot.

For den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar i medhald av deltakerloven § 5, gjeld omsetningsforbodet for fangst i § 22 fjerde ledd andre punktum.

Endra ved lover 25 juni 2010 nr. 43, 31 mai 2013 nr. 24 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 31 mai 2013 nr. 540), 5 mars 2021 nr. 7 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 17 des 2021 nr. 3629).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2008-06-06-37
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7a70ac7502350e34fa4be84798f56ef80cc8b734ff9c1cb86c6349ceb2ac7875
Rendererversjon
8
I kraft
2009-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01