§ 47. Utplassering av inspektørar og observatørar
Inspektørar og observatørar kan plasserast om bord i haustingsfartøy. Dei skal ha nødvendig kost og losji for fartøyet si rekning, og dei skal utan vederlag kunne bruke kommunikasjonsutstyr.
Departementet kan fastsetje forskrift om
- oppgåvene til observatøren
- kva fartøygrupper og kor mange fartøy som skal ha inspektør eller observatør om bord, og korleis fartøya skal veljast ut
- at kostnadene ved inspektør- og observatørordningar, mellom anna løns- og transportkostnadene, skal fordelast på alle deltakande fartøy i ei nærare definert fartøygruppe eller i særlege tilfelle heilt eller delvis berast av enkeltfartøy
- at fartøy som ikkje har betalt pålagde inspektør- eller observatørkostnader kan nektast å delta i vedkomande haustingsverksemd.
Krav etter vedtak etter andre ledd bokstav c er tvangsgrunnlag for utlegg.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2008-06-06-37
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 7a70ac7502350e34fa4be84798f56ef80cc8b734ff9c1cb86c6349ceb2ac7875
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2009-01-01
- Siste endring i kraft
- 2026-01-01