{
 "canonical_id": "nl-20010615-070#paragraf-17",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/inndelingslova/paragraf/17/",
 "heading_id": "17",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/inndelingslova/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "f88e97f71b7d32fd45e725535d2ddc2d249865bbe312c5547ed0b28e2161cefb",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "b48ebca990c0586cfa17087e027774192759ebd9c239937371b62849b4871073"
 },
 "ref_id": "lov/2001-06-15-70",
 "schema_version": "1",
 "slug": "inndelingslova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2002-01-01",
  "last_change_in_force": "2025-07-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 17. Fullmakter for Kongen til å gi nærmare reglar for å setje i verk vedtak og til å gjere unntak frå gjeldande lover og forskrifter\n\nKongen kan gi nærmare reglar for å sikre gjennomføring av vedtak om grenseendring etter denne lova.\n\nNår det blir rekna som nødvendig for å gjennomføre vedtak om grenseendring, kan Kongen dessutan gjere unntak frå gjeldande reglar i lov eller forskrift. Unntak frå lov må knyttast til følgjande forhold:\n\n1. reglar om lovpålagde organ i stat, fylkeskommune eller kommune. Dette inkluderer oppretting av slike organ når dei som har mynda etter lova, unnlèt å gjere dette.\n2. reglar om lovfesta fristar, saksbehandlingsreglar o.a.\n3. reglar om forhold og vilkår for arbeidstakarar i stat, fylkeskommune eller kommune\n4. reglar om fristar og vilkår for å krevje inn eigedomsskatt\n5. reglar om den inneverande kommunestyreperioden og om samansetjing av kommunestyret, slik at kommunane kan velje kommunestyret i den nye kommunen av og blant kommunestyra sjølve og korte ned kommunestyreperioden for dei som ikkje blir valde. Dei same unntaka kan gjerast for fylkestinga.\n\n> Endra ved [lover 21 juni 2013 nr. 94](lov/2013-06-21-94) (ikr. 1 jan 2014 iflg. [res. 21 juni 2013 nr. 735](forskrift/2013-06-21-735)), [17 juni 2016 nr. 60](lov/2016-06-17-60) (ikr. 1 juli 2016 iflg. [res. 17 juni 2016 nr. 681](forskrift/2016-06-17-681)), [1 mars 2019 nr. 4](lov/2019-03-01-4).\n",
 "title": "Fullmakter for Kongen til å gi nærmare reglar for å setje i verk vedtak og til å gjere unntak frå gjeldande lover og forskrifter",
 "type": "paragraf"
}
