{
 "canonical_id": "nl-20010615-070#paragraf-20",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/inndelingslova/paragraf/20/",
 "heading_id": "20",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/inndelingslova/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "4338f2607598646aef1f9b9218c57090e26df82ecfacc5f6346f8b05b8ed0249",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "b48ebca990c0586cfa17087e027774192759ebd9c239937371b62849b4871073"
 },
 "ref_id": "lov/2001-06-15-70",
 "schema_version": "1",
 "slug": "inndelingslova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2002-01-01",
  "last_change_in_force": "2025-07-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 20. Delingar\n\nBlir ein kommune eller eit fylke delt, jf. [§ 3](lov/2001-06-15-70/§3) andre ledd, skal [§ 19](lov/2001-06-15-70/§19) første ledd tilsvarande gjelde forvaltningseigedom som fullt ut eller i svært stor grad tener eitt bestemt område.\n\nAnnan eigedom og andre plikter blir å fordele mellom dei kommunar eller fylkeskommunar områda blir lagde til. Fordelinga blir gjort på grunnlag av eit forholdstal som blir rekna ut etter skatteinntektene i dei siste fem åra i kvart av områda, med mindre skjønnsnemnda av særlege grunnar fastset noko anna. Så framt det er mogleg, skal oppgjeret gjennomførast slik:\n\n1. Fast eigedom blir lagt til den kommunen eller fylkeskommunen som må reknast som mest rettkomen til den ut frå folketalet og innbyggjarane sine behov og plasseringa av eigedommen – også i høve til andre anlegg.\n2. Gjeld blir fordelt i forhold til dei omsetjelege verdiane som blir overtekne.\n3. Andre tilgodehavande og plikter blir overtekne av den kommunen eller fylkeskommunen som etter forholda blir rekna som nærmast til å overta dei.\n4. Anlegg med rettar og plikter som det etter delinga ikkje er rimeleg at nokon enkelt kommune eller fylkeskommune tek over, kan påbydast nytta i fellesskap av to eller fleire av kommunane eller fylkeskommunane.\n\nHar nokon kommune eller fylkeskommune ved fordelinga av rettar og plikter teke over meir eller mindre enn det som følgjer av forholdstalet, skal det jamnast ut i pengar.\n\n> Endra ved [lov 21 juni 2013 nr. 94](lov/2013-06-21-94) (ikr. 1 jan 2014 iflg. [res. 21 juni 2013 nr. 735](forskrift/2013-06-21-735)).\n",
 "title": "Delingar",
 "type": "paragraf"
}
