§ 25. Felles kommunestyre- eller fylkestingsmøte

Når det er gjort vedtak om samanslåing av to eller fleire kommunar eller deling av kommunar som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, skal statsforvaltaren snarast mogleg kalle saman til eit felles møte med dei aktuelle kommunestyra. Ved samanslåing eller deling av kommunar som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, kallar departementet saman kommunestyra dersom kommunane ligg i ulike fylke. Ved samanslåing eller deling av fylke som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, kallar departementet saman fylkestinga. Departementet kan gjere unntak frå kravet om slikt felles møte. På slike fellesmøte skal følgjande saker drøftast:

  1. forslag til namn på den nye kommunen eller det nye fylket
  2. talet på medlemmer i det nye kommunestyret eller fylkestinget
  3. kriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i denne lova
  4. val av revisor for verksemda i fellesnemnda
  5. oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga.

Endra ved lover 21 juni 2013 nr. 94 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 735), 17 juni 2016 nr. 60 (ikr. 1 juli 2016 iflg. res. 17 juni 2016 nr. 681), lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2001-06-15-70
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b48ebca990c0586cfa17087e027774192759ebd9c239937371b62849b4871073
Rendererversjon
8
I kraft
2002-01-01
Siste endring i kraft
2025-07-01