§ 4.
Har nokon
- ført inn eller ut, eller freista føre inn eller ut varer, medreikna levande planter og dyr, i strid med denne lova eller føresegner gjevne med heimel i lova, eller
- brote eller freista bryte vilkår sett med heimel i denne lova, eller
- selt innførde varer, medreikna levande dyr og planter, uten å opplysa at vilkår sett etter § 1, første leden, la band på råderetten over salsemnet, eller
- gjeve urett opplysning, munnleg eller skriftleg,
1. i utsegn gjeven til bruk for offentleg styresmakt eller målsmann for styresmakta i innførsle- eller utførslesak eller søknad om innførsle- eller utførsleløyve, 2. i utsegn som skal kunna gjera at ein annan har høve til å gje slik utsegn som nemnt under punkt a,
om tilhøve som har noko å segja for retten til å føra inn eller ut varer, eller
- brote eller freista bryte på anna vis føresegn som lova gjev eller som er gjeven med heimel i denne,
vert han straffa med bot eller fengsel i opptil 6 månader eller med båe desse straffene dersom åtferda ikkje går inn under strengare straffebod.
Har nokon av aktløyse gjort slike brot som nemnt i første leden, vert han straffa med bot eller fengsel i opp til 3 månader.
Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/1997-06-06-32
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- b8188cda6e7e04cdeaa63b3610b50433c64ffaccff36ed8c3442c3c559164849
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 1997-06-06
- Siste endring i kraft
- 2023-01-01