§ 3-37. Sperretid for nytt jordskifte

Det som før har vore under jordskifte etter §§ 3-4 til 3-12 eller etter tidlegare jordskiftelov, kan ikkje takast opp til ny jordskiftebehandling før ti år etter at det førre jordskiftet var rettskraftig avgjort.

Det er òg ein frist på ti år for behandling av nytt krav der jordskifte er nekta fordi vilkåra i §§ 3-2, 3-3 eller 3-18 ikkje var oppfylte. Er vilkåra oppfylte på eit seinare tidspunkt, kan nytt krav om jordskifte takast opp til behandling utan omsyn til tiårsfristen.

Det som før har vore under jordskifte, kan utan hinder av fristen i første ledd takast med i jordskifteområdet når jordskifteretten i ny jordskiftesak utvidar saka etter § 6-9 fjerde ledd.

Første ledd gjeld ikkje når for eksempel skred, elvebrot, anlegg av offentlege vegar og kjøp av tilleggsjord gjer at det ikkje lenger er naturleg å sjå området som tidlegare skifta.

Endra med lov 11 des 2015 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 11 des 2015 nr. 1445).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2013-06-21-100
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
1f48f05a59a0e934cb40593777c7c66570f4e9ee48777e12ecb98210767f3102
Rendererversjon
8
I kraft
2016-01-01
Siste endring i kraft
2025-07-01