§ 6-2. Krav om sak

Sak kan reisast ved skriftleg krav til jordskifteretten. Saka kan reisast munnleg, og kravet kan setjast opp som prosesskriv i samsvar med tvisteloven § 12-1 andre ledd. Kravet skal vere underskrive.

Så langt råd er skal det nemnast i kravet

  1. kva eigedommar saka gjeld
  2. namnet og adressa til partane, representantane og prosessfullmektigane
  3. om det trengst meddommarar, og om dei bør ha særskild kunnskap, jf. § 2-7
  4. kva parten vil oppnå med kravet, og
  5. kva bevis som vil bli førte, og annan dokumentasjon.

Kravet skal utformast slik at det gir grunnlag for ei forsvarleg behandling av saka. Innhaldet i kravet må vere slik at dei andre partane kan ta stilling til kravet, og førebu saka. Kravet skal dessutan gi retten grunnlag for å vurdere om han kan behandle saka. Kravet skal om mogleg vise det geografiske området det gjeld på eit kart. Gjeld kravet jordskifte etter kapittel 3, skal det gå fram av kravet kva for utenlege eigedomstilhøve ein krev at retten skal bøte på.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2013-06-21-100
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
1f48f05a59a0e934cb40593777c7c66570f4e9ee48777e12ecb98210767f3102
Rendererversjon
8
I kraft
2016-01-01
Siste endring i kraft
2025-07-01